Joakim Lund

Digital nostalgi på Fønix

Joakim Lund - Digital nostalgi på Fønix
Joakim Lund tek deg til paradiset, draumeverda på lerrete som påverka kulturen til mange generasjonar.

I verka sine, som vert stilte ut på Festival Fønix i helga, leikar kunstneren Joakim Lund med bilete av ukjende skodespelarar frå 1920- og 1930-talet. Ved hjelp av moderne kombinasjonsteknikkar av digital grafikk, smeltar han dei autentiske fotobileta av marginale film- og teaterskodespelarar frå Hollywood og Tyskland med moderne bakgrunnsmønster.

Dei monotone svartkvitbeleta frå byrjinga av hundreåret, og kunstnaren sine eigne skisser, vert plasserte i ei ny setting som visar uavbroten link mellom det moderne og det som var moderne for åtti-nitti år tilbake i tid.

Minner om filmlerret

- fargesettinga er ikkje tilfeldig. Svartkvitbileta av skodespelerane er nøkkelen til moderne fagerdom som vart allmugegjort på filmlerrete for deretter å påverka både den amerikanske og europeiske kulturen, seier Lund.

No får dei ukjende skodespelarane frå førre hundreåret houvedrolla i hans panoramiskebilete.

- Formatet vel g for det minner om filmlerrete. Dei ukjende skodespelerane, som i si tid verken fekk gjetord eller popularitet, vert på den måten løfta fram i lyset, seier Lund.

Joakim Lund er utdanna biletkunstnar frå høgskulen i Bergen samt kunstskular i Portugal og Finland. Han har over tjue utstillingar bak seg og på fredag stillar han ut på Galleri Fugl Fønix.

Grannar, torsdag 28. juni 2007. aurelija.hustveit@grannar.no



Publisert: 02.07.2007
Joakim Lund, Hordalandsgt.32b, 5522 Haugesund joakimlund@msn.com
Random from collections
Closer-1
What's going on?
ALYANS - Kjetil Berge
TST - T-Shirt Transformation
GALLERI LANGEGÅRDEN
DYNAMO HAUGESUND 2008
DYNAMO 2008 - "NO ILLUMINATION"
"No Illumination" Et DYNAMO 2008 prosjekt
XXVII Hovedfagsutstilling 2005
Recent Articles
Tidsskriftdagen 2009 - Pris for beste Nordiske Tidsskrift - Et trykk av Joakim Lund
Juleutstillingen 2009 - Haugesund Billedgalleri
ALYANS 29. – 31. Mai 2009
ALYANS/ Tegnekonkurranse og utstilling på W17, Kunstnernes Hus
Exhibition på Victoriahjørnet
INSPEKTØR LUND
DYNAMO08
KARMSUNDUTSTILLINGEN 08