Joakim Lund

Lukkeleg debutant

Joakim Lund - Lukkeleg debutant
Haugesunds Avis artikkel av Jon Ådnøy

Lukkeleg debutant
Joakim Lund frå Haugesund smilte breiast av dei to hundre som møtte fram til opninga av Vestlandsutstillinga i Billedgalleriet i går.


Av JON ÅDNØY

Yngstemann av dei 17 kunstnarane på utstillinga opplevde å bli kjøpt inn av kunstgalleriet i heimbyen.
- Det er klart eg set stor pris på det, seier han til Haugesunds Avis etter opninga. Då har han fått mange kommentarar til maleria sine, både frå kjende og ukjende.
- Somme spør meg om titlar på bileta. Særleg andletet med plaster over munnen ser ut til å vekkja tankar og kjensler hjå mange, seier Lund.
Han var til stades då Vestlandsutstillinga opna i Bergen i januar, og ved opninga i Ålesund i februar. Han har også tenkt seg til Stavanger i mai, når utstillinga skal visast på den femte og siste plassen.
- Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg er yngre enn dei andre kunstnarane. Eg føler at eg blir akseptert, seier Joakim. Før helga har han gladeleg brukt litt tid på å visa somme av dei andre kunstnarane rundt i heimbyen.

Heilstøypt
Vestlandsutstillinga er dette året sett saman av Gavin Jantjes, kunstnarleg direktør ved Henie Onstad-senteret på Høvikodden ved Oslo. Han er sørafrikanar, med utdanning frå Tyskland og England, og har lang yrkeserfaring frå England. I fjor var fyrste gongen ein einskild person - ein «kurator» - fekk ansvaret åleine for å laga ein heilskap av arbeid frå ulike kunstnarar.
Tidlegare var det ein fagjury som plukka ut verk av ulike kunstnarar, utan tanke på at det til slutt skulle utgjera ein heilskap.
- Eg tykkjer resultatet i år er veldig bra, seier Bernhard Østebø, som sjølv er utøvande kunstnar.
- Det kan nok henda eg hadde venta litt fleire ting som provoserte. Men når det er sagt, må eg streka under at det er blitt heilstøypt, seier Østebø.
Han meiner at ei kuratorstyrt utstilling er eit gode for publikum. Men for kunstnarar ville det vore ein fordel med juryering.
- Nå er det heilt sikkert mange kunstarleg gode arbeid som ikkje er med fordi dei ikkje passar inn i heilskapen. Særleg for unge kunstnarar er det viktig å få poenga som deltaking på Vestlandsutstillinga ville gi, meiner Østebø, som sjølv har hatt seks arbeid med i tidlegare Vestlandsutstillingar.
Han meiner ei veksling, til dømes annakvart år, mellom kurator og juryering, ville vore ei god løysing.

Mot jåleri
Kunstnaren Elisabeth Gilje frå Karmøy har dei seinare åra ikkje kjent seg særleg tiltrekt av kunstutstillingar. I si tid hadde ho eit arbeid på Høstutstillingen i Oslo.
- Eg tykkjer fort det blir litt jålete. Du skal treffa det som er "in" akkurat for tida. For meg har det vore viktigare å treffa alminnelege menneske med det eg gjer, enn dei som spring på kunstopningar og kjenner dei rette folka, seier Gilje.
- Korleis opplevde du denne Vestlandsutstillinga?
- Eg har sansen for Caroline Kierulf sine trykk. Også Trond Hugo Haugen sine teikneserieaktige bilete appellerer til meg. Kunsten kan med fordel ha noko av leiken i seg, meiner Elisabeth Gilje.
Ho ser godt fordelen med at ein kurator set saman utstillinga.
- Eg trur nok inntrykket av utstillinga blir løfta eit hakk ved den måten å gjera det på. Men samstundes kan det fort bli litt for "riktig", eller frisert, seier Gilje.
I gamlebygget opna utstillinga "Luftfarer" frå Riksutstillingar. Begge blir hengande to veker.


Publisert: 25.03.2005
Joakim Lund, Hordalandsgt.32b, 5522 Haugesund joakimlund@msn.com
Random from collections
Closer-1
What's going on?
ALYANS - Kjetil Berge
TST - T-Shirt Transformation
GALLERI LANGEGÅRDEN
DYNAMO HAUGESUND 2008
DYNAMO 2008 - "NO ILLUMINATION"
"No Illumination" Et DYNAMO 2008 prosjekt
XXVII Hovedfagsutstilling 2005
Recent Articles
Tidsskriftdagen 2009 - Pris for beste Nordiske Tidsskrift - Et trykk av Joakim Lund
Juleutstillingen 2009 - Haugesund Billedgalleri
ALYANS 29. – 31. Mai 2009
ALYANS/ Tegnekonkurranse og utstilling på W17, Kunstnernes Hus
Exhibition på Victoriahjørnet
INSPEKTØR LUND
DYNAMO08
KARMSUNDUTSTILLINGEN 08